Planprogram og varsling om Råstoffutvinning Berakvam - Kordalsnuten

Norsk Stein AS varslar med dette oppstart av planarbeid for «Detaljplan for råstoffutvinning Berakvam – Kordalsnuten, planID 202301», jfr Plan- og bygningslova §12-8.

Tiltaket omfattast av forskrift om konsekvensutredningar vedlegg I pkt. 19. Det er difor utarbeida eit forslag til planprogram som er ein plan for kva som skal utgreiast og korleis. Forslaget til planprogram leggjast med dette ut til offentleg ettersyn saman med varsel om oppstart, jfr Plan- og bygningslova § 12-9.

Forslag til planområde går fram av kartet nedanfor. Omriss av planområdet vist med svart linje. Raud linje viser grense for steinbrot, oransje linjer viser område for tilkomstvegar for folk, materiell og maskinar frå Romsbotn og dagens uttaksområde. Rosa linje viser mogleg trasé for tunnel mellom dagens uttaksområde og nytt uttaksområde. Skravert område vert vesentleg redusert i endeleg planforslag når planarbeidet med vegar og tunnel er gjennomført.

Forslagsstillar er Norsk Stein AS og plankonsulent er Asplan Viak AS.  

Et større varslingskart kan lastes ned til høyre på siden

Formålet med planen er å sikra langsiktige og føreseielege rammer for vidare drift av bergressursen samt ivareta omsynet til miljø og samfunn. Området er ikkje tidlegare regulert, men tiltaket er i samsvar med kommuneplanen som vart vedteken 25.09.2023. Aktuelle reguleringsformål er område for råstoffutvinning, LNF-område og samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur.

Etter at planprogrammet er vedteke i kommunestyret, utgreiingane i planprogrammet er gjennomførde og forslag til reguleringsplan er utarbeidd, skal planen handsamast i kommunen fram til han til sist vert vedteken i kommunestyret.

Planprogrammet og andre dokument frå planarbeidet kan lastast ned frå www.suldal.kommune.no
Grunneigarar og naboar vert varsla med brev.

Gje dine innspel
Merknadar til planarbeidet eller planprogrammet sendast til Asplan Viak AS v/ Kristi K. Galleberg, pb. 24, 1300 Sandvika, eller til e-post KristiK.Galleberg@asplanviak.no og med kopi til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand, eller e-post: postmottak@suldal.kommune.no innan 10.11.2023. Spørsmål om planarbeidet kan rettast til KristiK.Galleberg@asplanviak.no, eller Odd Hotvedt, odd.hotvedt@norsk-stein.no 

Informasjonsmøte
I samband med høyring av planprogrammet inviterer Norsk Stein til ope møte 17.10.2023 kl 18.00 på Jelsa Bygdahus, Jelsavågvegen 3, 4234 Jelsa

Tor Helge Hilmarsen

Daglig Leder Jelsa

Odd Hotvedt

Produksjonsdirektør

Downloads